Selje kommune

Ferievikar 2018 - Tekniske tenester - Reinhald/Eigedom/KMT

Ferievikar 2018 - Tekniske tenester – Reinhald/Eigedom/Kommunalteknikk


Har du lyst på sommarjobb innan reinhald eller med førefallande arbeid på/ved kommunale bygg og eigedommar?
Tekniske tenester søkjer etter arbeidsam ungdom/vaksne til følgjande arbeidsoppgåver:

Reinhald:
Reinhaldet i kommunale bygg og i ein del private heimar.
Reinhald er ein del av fagområdet Tekniske tenester i Selje kommune og er organisert under eigedomsavdelinga. Hovudferie for dei tilsette blir avvikla i perioden 18.juni 2018 - 17.august 2018. Vi har trong for vikarar i denne perioden.
Har du spørsmål om stillinga, kan dei rettast til:
Eli Refvik, Reinhaldsleiar, tlf. 57 85 85 00

Eigedom/KMT:
Stell av kommuna sine grøntarealer, samt utvendig vedlikehald av kommunal byggningsmasse. Må også pårekne andre oppgåver innafor avdelingane.
Eigedom og KMT er eigne avdelingar under fagområdet Tekniske tenester i Selje kommune. Eigedom har ansvar for drift av kommunale bygg og uteområder. KMT (kommunalteknikk) har ansvaret for drift og vedlikehald av kommunale veg, vann- og avlaupsanlegg.
I samband med ferieavvikling og auka arbeidsmengde sommarstid med utvendig vedlikehald av eigedommar og bygningsmasse, ønskjer vi å tilsette ferievikar i perioden 1.juni 2018 til 17.august 2018.
Har du spørsmål om stillinga, kan dei rettast til:
Geir Ove Liseth, Fagansv. Eigedom, tlf 57 85 85 00.

Felles for stillingane:
 Vi ønskjer å tilsette personar som likar å jobbe i team, som er til å stole på og som kan ta ansvar.
 Søkjarar må vere fylt 18 år, bør ha førarkort og kunne disponere eigen bil.
 Det vert ved tilsetting kravd politiattest frå alle som får tilbod om arbeid og som takkar ja.
 Det må i søknaden komme fram kva for stilling du ønskjer å søkje på (reinhald eller eigedom/KMT).
 Dersom du skal avvikle ferie i arbeidsperioden må dette komme tydeleg fram i søknaden.
 Lønn etter tariff, med pliktig trekk til KLP.
Alle søkjarar til ledig stilling i Selje kommune må registrere CV og sende søknad elektronisk.

 

Merk søknaden med kva avdeling du ynskjer å søke på. 

Søknadsfrist: 29. april 2018

Del på:
Referansenr:
2018000267
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Ekstrahjelp
Sesong
Heiltid/Deltid:
Kontrakt-/prosjektbasert
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
29.04.2018
Tiltreding:
18.06.2018
Kontaktpersonar:
Eli Refvik
tlf: +47 57858500
mob: 57858500

Geir-Ove Liseth
tlf: +47 57858500
mob: +47 48141237

Tilbake til toppen