Selje kommune Administrasjonen

Selje kommune og Eid kommune

Økonomirådgjevar 100% fast stilling

Selje kommune og Eid kommune har vedteke å slå seg saman til ein kommune frå 01.01.2020. Den nye kommunen vil ha ca 8800 innbyggjarar og ligg vakkert til i Ytre Nordfjord. Dersom du likar å bruke naturen og det den kan by på er det mange moglegheiter i regionen. Aktivitetar som jakt, fiske, skikøyring og surfing. Eller som ein seier i Nordfjord: "Alt i Ein fjord!".

Selje kommune har ledig 100% fast stilling som økonomirådgjevar i sentraladministrasjonen med kontorstad på rådhuset i Selje. Den kan også være mulig å diskutere delt arbeidsstad mellom Selje og Nordfjordeid. Den ledige stillinga i Selje kommune vil dermed bli i tett samarbeid med økonomiavdelinga i Eid kommune, både for opplæring og vidare i det daglege arbeidet. Stillinga er ledig for snarleg tiltreding.

Arbeidsoppgåer vil hovudsakleg vere:

  • Budsjettarbeid
  • Overordna rekneskapsarbeid
  • Økonomisk rapportering
  • Bistand mot avdelingane i økonomiarbeid
  • Andre relevante oppgåver innanfor økonomiavdelinga sitt arbeidsområde

Kvalifikasjoner for stillinga:

  • Økonomisk utdanning frå høgskule
  • Rekneskapsforståing
  • God forståing i bruk av IKT-verktøy i arbeidssamanheng
  • Ta initiativ og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Relevant praksis kan kompansere for manglande formell utadanning

Vi tilbyr:

  • Variert, sjølvstendige og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Fleksibel arbeidstid
  • Løn etter kommunale vilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

Tilsetjing og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

 

Vil du vite meir om stillinga ta kontakt med økonomisjef i Selje kommune, Geir Kvisten: 991 66 366 geir.kvisten@selje kommune.no eller økonomisjef i Eid kommune, Ole Starheim: 913 20 144 ole.starheim@eid.kommune.no.

Del på:
Referansenr:
17/334
Fylke:
Sogn og Fjordane
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.04.2017
Kontaktpersonar:
Geir Kvisten
tlf: +47 99166366
Tilbake til toppen